Valle ungdomsråd med i budsjettarbeidet

Første grupperinga i Valle kommune som får seie sitt med tanke på budsjettet for neste år er ungdomsrådet.

– Det er viktig at ungdomen slepp til og får kome med sine innspel. Det skal bli deira budsjett også, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Ungdomsrådet i Valle i møte med kommunedirektøren om kommunen sitt budsjett for neste år. - Klikk for stort bileteUngdomsrådet i Valle i møte med kommunedirektøren om kommunen sitt budsjett for neste år. Ole Birger Lien

Nyleg troppa ungdomsrådet opp i kommunehuset i Valle, der dei gjennomførte både gruppearbeid og drøftingar knytta til pengebruken i Valle kommune neste år. Det vart eit møte prega av entusiasme og klåre meiningar.

Meir digitalisering

Dei ulike gruppene kom opp med fleire satsingsområde dei meiner kommunen må ha fokus på. Eit innspel var om ein kan oppgradere loftet i biblioteket slik at ein kan ete der. IKT vart også tema.

– Dei peika på både meir digitalisering og problemstillingar knytta til informasjonstryggleik. Alt dette er innspel me tar med oss vidare, seier Homme.

Møteplass på Rysstad

Av prioriterte tiltak tok fleire i ungdomsrådet opp at det er behov for ein møteplass for ungdom på Rysstad, ein møteplass som kan ha romsleg opningstid. Dei peika på at ein kunne innføre same ordninga som meirope bibliotek, med nøkkelkort og enkel tilgang. På Øyne i Valle har frisbeegolf blitt ein svært populær aktivitet. Ungdomane meinte det burde byggjast fleire bruer, slik at ein kan tumle på også om vasstanden er høg. I tillegg peika fleire på at det er for få bussar mellom Valle og Evje.

– Eit godt møte me skal byggje vidare på, slår kommunedirektør Vidar H. Homme fast.