Vallebygda bada i påskesol!

Sjølv om det har vore litt ustabilt ver har påska 2025 blitt mykje finare vermessig enn vermeldingane tyda på.

Så har høgtida blitt prega av at snøen for det meste er borte - i alle fall nede i dalen, men sanneleg også langt til fjells. Godt då, at i alle fall påskesola fann ut at Setesdal var ikkje den verste staden å vise seg fram. Biletet med oversikt over Valle vart teke i heilt strålande påskever på formiddagen påskeaftan.