Vallehalli opna att etter vedlikehaldsarbeid

Sist veke var sjølve ballhallen i Vallehalli stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid. No er arbeidet gjennomført, og hallen er open att. 

Ballhallen i Vallehalli er open att etter å ha vore stengt under vedlikehaldsarbeid. - Klikk for stort bileteBallhallen i Vallehalli er open att etter å ha vore stengt under vedlikehaldsarbeid.

I eit prosjekt til 200.000 kr. vart alt av ljos i hallen skifta ut til meir moderne LED-ljos, så dei som skal tumle med fotball, volleyball eller anna moro der no, bør i alle fall sjå godt!