Varsel om holkeføre og svært glatte vegar frå sundag kveld

Statsforvaltaren i Agder videresender fredag kveld melding frå varsom.no om oransje farevarsel for svært glatte vegar og holkeføre mellom anna i øvre Setesdal frå ettermiddag/kveld sundag 21. januar.

varsling frå varsom.no - Klikk for stort bileteVarsling frå varsom.no

Varslinga gjeld minst i eitt døger, til måndag kveld 22. januar. Som dei fleste vil forstå er det veromslaget som er meldt frå sundag av som kan skape problem på vegane. Det kan bli snakk om store nedbørsmengder, underkjølt regn og holkeføre.

Bruk broddar!

I varslinga heiter det at skal ein fote seg ute bør ein bruke broddar. I trafikken seier det seg sjølv at når det er snakk om underkjølt regn, som er det glattaste ein kan oppleve, er det bare ein ting som gjeld: å ta det med ro! Overvatn og vatn på islagte vegar kan som ein forstår også bli ei utfordring i seg sjølv. Politiet si melding er klokkeklår: la bilen stå viss du kan! Den meldinga er retta både til fastbuande men ikkje minst hyttefolket, med tanke på at sundag er det mange som skal heim etter ei helg på hytta.

Her finn du varsom.no med oppdateringar og meir informasjon om forholda.