Varsom.no med flaumvarsel for Valle, Bykle og Sirdal

Varsom.no har sendt ut flaumvarsel med oransje nivå, nest høgast nivå, for Vestland, Rogaland og deler av Agder, mellom anna Valle, Bykle og Sirdal.

Det er flaumvarsel i deler av Agder, mellom anna Valle, Bykle og Sirdal. - Klikk for stort bileteDet er flaumvarsel i deler av Agder, mellom anna Valle, Bykle og Sirdal.

Flaumvarselet, som er eit resultat av mellom anna sterk nedbør mange stader, mildver og snøsmelting, gjeld i første omgang frå 0-1500 moh. Konsekvensar kan bli omfattande flaum, erosjonsskader og flaumskader på utsatte stader. Blir det flaum kan det føre til stengde vegar og bruer. Overvatn kan bli eit problem i tettbygde område. Det kan også vere fare for jordskred dei mest utsette plassane.

Hald deg oppdatert!

Rådet for folk flest no er først og fremst å fylgje med, til dømes på Varsom.no og lokal media. Også kommunane har sine beredskapsplanar. Skulle ein flaum oppstå nær deg, så er det viktig å halde avstand. Ein skal også halde seg vekk frå skråningar med mykje lausmassar.

HER finn du varsom.no

HER finn du Statens vegvesen