Barnehagane vitja SFO i Valle nyleg. Frå venstre: Ånund Solbakk Steig, Olav Brokke, Bjørn Uppstad, Jon Steinhaugen, Emilie Åkre Lund, Daniel Rysstad, Olav Rike, Oda Lund, Anne Homme Harstad, Lene Dahle Kjelleberg og Kristian Holum Heiland.
Ole Birger Lien
I løpet av perioden borna er i barnehagane, og før altså dei blir skuleelevar, har Valle kommune innarbeidd fleire tiltak som skal gjere dei små kjente med “systemet”, SFO og skule, og ikkje minst borna dei skal vere med og elles kjem til å møte i det som blir ein ny og spennande skulekvardag. Borna som er i barnehagen no, og som skal bli 1. klassingar hausten 2026, er alt i full gang med sitt opplegg.
Vitjar SFO
Av tiltaka ein kan nemne er at barnehageborna fleire gonger får vitje SFO - og bli kjent med både borna som tumlar der, og ikkje minst lokala dei tumlar i.
– Eitt av grepa som styrkar tryggleik og fellesskap, og noko me ser at er viktig, seier skulefagleg ansvarleg i Valle kommune, Else Margit Tveit.
Ho legg til at mykje av poenget med å vitje SFO også er at borna får treffe dei som blir litt eldre elevar på skulen når dei etter kvart er i gang med skulelivet.
– Det blir mindre “skummelt” og tryggare slik, slår ho fast.
Fadderordning
Barnehageborna får også eigne faddarar som del av overgangsperioden, og dei får treffe dagens 1. klassingar. Det blir også skipa til møter der både foreldre, barnehagar, skule og oppveksteininga i Valle kommune er med.
– I tillegg har me overgangssamtalar mellom barnehagar, skule og PPT. Fleire av tiltaka, som til dømes vitjing i SFO, gjennomfører me fleire gonger. Målet er at borna skal vere så trygge og kjente med situasjonen som råd før dei møter opp første skuledag. Me har funne ein veg me har tru på, til beste både for borna, foreldra og kommunen, seier Else Margit Tveit.
Full rulle!
Den dagen me er innom i SFO, er det born frå barnehagen både i Valle og Hylestad på vitjing. Det er full rulle! Rundt om i lokala, bilar og anna moro rundt om på golva, Tarzan i taklampa i garderobane og lått og skrål - her er det sanneleg full rulle og meir enn nok å halde auge med for dei tilsette!
– Det plar vere slik, veldig moro og bare kos, seier leiar i SFO, Ingunn Bratteland, når 10-12 smårollingar gnur på med alt som gama er! Skal ein døme etter denne dagen er vegen fram mot 1. klasse på Valle skule spennande, morosam og full av høgdepunkt!
Det tok ikkje mange sekunda frå borna var inne i SFO-lokalane til leiken gjekk i hundre!
Ole Birger Lien