Vegen mellom Valle og Dalen er opna att

Fv450 mellom Valle og Dalen er opna att, etter å ha vore stengt sidan sist sundag kveld.

Fv450 mellom Valle og Dalen er opna att etter å ha blitt stengt sundag 21. januar på grunn av skredfare.  - Klikk for stort bileteFv450 mellom Valle og Dalen er opna att etter å ha blitt stengt sundag 21. januar på grunn av skredfare.

Vegen vart stengt då veromslaget førte til sterkt aukande rasfare langs traseen. No er det litt lågare temperaturar, og snømassane har fått binde seg igjen. 

Kan vere glatt

Så kan det likevel vere glatte parti der inne på vegen mellom aust og vest - det er difor aldri ein dårleg ide å ta det med ro over heia.