Vil du bli meddomar?

Kommunen skal velge meddomarar for tingretten og jordskifteretten, samt skjønnsmenn. Valet gjeld frå 01.01.2025 til 31.12.2028.

Valle kommune må velge og melde inn følgjande til domstolen:

2 lagrettmedlem og meddomarar til Agder lagmannsrett (ei kvinne og ein mann). 
-Dei to som vart valde i førre periode ønskjer å halde fram.

6 meddomarar for tingretten (3 kvinner og 3 menn) 
-to av dei som vart valde førre periode ønskjer å halde fram så her treng vi ei kvinne og 3 menn.

2 jordskiftemeddomarar
- her treng vi ei kvinne og ein mann.

Skjønnsmedlem
- vi treng 3 skjønnsmedlem. Desse kan gjerne vere jordskiftemeddomar også.

Meir informasjon på www.domstol.no

Rettigheiter

Vervet som meddomar er ein samfunnsplikt. Dette inneber blant anna at du normalt får fri fra ordinært arbeid for å utføre vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap.

Kven kan vere meddomar?

Domstollova stiller visse krav til kven som kan veljast til meddomar. Blant anna må du være over 21 og under 70 år ved valperiodens start, du må ha stemmerett samt stå innført i folkeregisteret i Valle kommune på valdagen. Det er eit vilkår at du har tilstrekkelege norskkunnskaper.

Dei som veljast, skal også vere alminnelige hederlige samfunnsborgarar som er godt skikka til vervet (ikkje straffedømt, eller har økonomisk vandel). Lovas generelle krav er at ein meddomar skal ha tilstrekkelege norskkunnskaper og vere personleg egna til oppgåva. Utvalga skal vere samansett slik at dei representerer eit gjennomsnitt av befolkninga.


Ønskjer du å bli meddomar eller lagrettsmedlem i Valle kommune? Meld di interesse ved å bruke dette søknadsskjema. 

 

Frist for å melde si interesse er 01.05.24