
Ordførar Lars Tarald Myrum er altså turleiar denne dagen. Det blir enkel servering av mat og drikke, og dessutan god trening langs dei flotte stiane i turparken. Rysstad Turpark ligg i eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn(bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av det du ville ha opplevd om du hadde tatt turen i Rysstad Turpark for over 50 år sidan.
Opp til Rysstadåsen
Turen startar på grusvegen/heievegen opp til Rysstadåsen og fylgjer den ca. 50 m, då tek du av mot høgre og inn på stien i skogen. Stien fylgjer elva, Kvearåni, eit lite stykke til du kjem til ei bru som tek deg over til andre sida. På turen er det fleire stoppestader med benkar til å kvile seg på og etter ca.1 km ligg det eit kvernhus.
Heile turen går langs sti/og eller traktorveg og er lett tilgjengeleg med gode sko. Mot slutten er det ei litt bratt stigning, som får pulsen til å slå litt ekstra.
Ordføraren gler seg
Med ein ordførar som er kjent for å vere glad i å gå turar, om det no er trim på heia eller langs skogsstiar det er snakk om, ventar ein entusiastisk turleiar i Rysstad turpark.
– Dette er jo eit veldig flott område, og som det ser ut no er me også heldige med veret. Viss det slår til med sol frå blå himmel kan det ikkje bli betre. No håpar eg at mange set av tid og blir med på turen, seier han.
Les meir om Friluftslivets år HER.
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum tar på seg turskoa i samband med Friluftslivets år.
Ole Birger Lien