Vil ha flyktningar i Valle ut i ordinært arbeidsliv

Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, oppmodar no lokalt næringsliv om å tilsette flyktningar frå Ukraina.

Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, håpar fleire flyktningar frå Ukraina kan få ein sjans i lokalt næringsliv. - Klikk for stort bileteFlyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, håpar fleire flyktningar frå Ukraina kan få ein sjans i lokalt næringsliv. Ole Birger Lien

Fleire av flyktningane som har kome til Valle kommune er ferdige med det såkalla introduksjonsprogrammet sitt til sommaren. Det betyr at dei då har behov for arbeid.

– Eg var nyleg med på næringsfrukosten Valle kommune skipa til, og opplevde ein positiv respons. Så håpar eg at det kan vise seg også frå sommaren av, når dei aktuelle søker seg arbeid. Det er viktig at dei får vere i sving, og ein skal ikkje gløyme at dei er ein ressurs både for kommunen og næringslivet, seier Homme Harstad.

Mangfald

Som med dei fleste grupper finn ein også i flyktningane frå Ukraina eit innhaldsrikt og spennande mangfald, det bør difor vere aktuelle arbeidstakarar for fleire verksemder.

– Dei som måtte har spørsmål kan bare kontakte meg på telefon 91778410, seier Birgit Homme Harstad.