Kor stort er eigentleg behovet for næringsareal og næringsbygg i Valle kommune? Det vil næringsavdelinga no finne ut, og ber om innspel frå alle med meiningar om saka.
– Tett og god dialog er avgjerande for at me skal finne fram til dei gode svara. Dette oppnår me best i samspel med lokalt næringsliv, seier rådgjevar plan og næring, Åse Ingebjørg Flateland.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.11.2024 09:32
Sist endra 25.11.2024 09:33
Rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, vil ha innspel om behovet for næringsareal- og bygg i kommunen.
Ole Birger Lien
– Me ynskjer å leggje til rette for endå meir næringsutvikling. Me veit at det er behov for meir areal, både tomter og kvadratmeter. Så ynskjer me å spisse satsinga vår som tilretteleggjar, og tenker at me må ha dei som etterspør auka kapasitet i tale. Me er interesserte i både meiningar om langsiktig satsing, men også meir her og no-tiltak som til dømes opparbeiding av tomter på Øyne i Valle, seier Flateland.
På Øyne har kommunen tilgjengeleg og regulert areal, medan situasjonen er noko annleis på Rysstadmo der det er lite ledig areal og kommunen ser på utvidingsmoglegheiter.
Dersom du har innspel, stort eller smått, ta kontakt med Åse Ingebjørg, anten på mobil 917 21 365 eller e-post ase.ingebjorg.flateland@valle.kommune.no innan 1.februar 2025.
-Med bakgrunn i det som kjem inn vil me drøfte vidare oppfylgjing saman med politikarane. Forhåpentlegvis kan dette resultere i vidareutvikling av eksisterande verksemder og nye etebleringar, seier Åse Ingebjørg Flateland.
Mykje aktivitet
Valle kommune er prega av eit aktivt og tiltakssamt næringsliv. Utviklinga er god, og Flateland er oppteken av at kommunen skal vere vel så aktiv som tilretteleggjar.
– Då er det viktig med god og direkte dialog med aktørane. No håpar me mange kjem med innspel slik at me kan utarbeide planar som vil vere relevante i åra som kjem, seier ho.
Skipar til lunsj for og med næringslivet
Valle kommune skipar 6. desember til lunsj for og med lokalt næringsliv. Staden er Sølvgarden hotell klokka 11.30. Også under den samankomsten blir behovet for næringsareal tema.