Vil nokon satse på Hylestad Auto?

Butikk/kioskdelen av Hylestad Auto skal leggjast ned 1. september. Valle kommune er fortløpande i dialog med lokalt næringsliv, og det har over tid blitt klart at det blir ei endring i verksemda på Rysstad. No ynskjer eigar Gunnar A. Helle og næringsavdelinga i Valle kommune å få fram at det finst rikelege mogelegheiter i lokala for den eller dei som vil.

Gunnar A. Helle legg ned butikkdelen på Hylestad Auto frå 1. september. No håpar han at nokon vil leige lokala og få noko til der. Ole Birger Lien

Verkstaden på Rysstad består, det er altså butikken på bensinstasjonen som no skal leggjast ned. Ute blir det framleis pumper for drivstoff - men utsalet blir stengt. No er det altså ei opning for den eller dei som kunne tenke seg å leige lokala og starte opp verksemd.

– Me har fortløpande og tett kontakt med lokale verksemder i form av næringsfrukostar og andre høve til samhandling gjennom året. Når det over tid har blitt klart at det kjem ei endring i Hylestad Auto, ynskjer me å vere med å leggje til rette for ny aktivitet. For Valle kommune er det sjølvsagt eit mål å ha levande sentrum og aktive næringsverksemder, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.

– Dette har vore og er ein viktig møteplass både for bygdefolket og gjennomreisande, og det hadde vore flott om nokon kunne tenke seg å satse, seier Gunnar A. Helle.

Håpar interesserte tar kontakt

Både Gunnar og Åse Ingebjørg tar imot alt frå spørsmål til konkrete innspel frå interesserte.

Åse Ingebjørg Flateland: 91721365 ase.ingebjorg.flateland@valle.kommune.no

Gunnar A. Helle 91336340 - post@hylestad.no 

Samhandling med heile næringslivet

Åse Ingebjørg Flateland strekar under at næringsapparatet i Valle kommune står til disposisjon for heile det lokale næringslivet.

– Ein veit at i verksemder kan ting endre seg. Det kan vere snakk om utviding, satsing på nye produkt eller nye nisjer, overtaking eller sal - mykje av poenget med dialogen me har med næringslivet er å vere i forkant av utviklinga. Difor står også næringsavdelinga parat for gründarar og verksemder som treng oss - me ynskjer å samhandle med alle, så eg håpar at folk ikkje nølar med å ta kontakt viss det er noko, seier ho.

Vil du vite meir om næringsavdelinga i Valle kommune - HER FINN DU NETTSIDA TIL NÆRING

Rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, oppmodar lokalt næringsliv til aktivt å ta i bruk næringsapparatet i kommunen. Ho strekar under at den fortløpande dialogen kommunen har med næringslivet er avgjerande for eit godt samspel mellom verksemdene og kommunen. Ole Birger Lien