Villreinmøte i Valle i kveld måndag 5. februar

Det er klart for nytt ope møte om villrein og forslag til tiltaksplanar i Sæbyggjen i Valle måndag 5. februar klokka 18.

Utkast til tiltaksplanar for Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke villreinområde er ferdige og sendt vidare til Klima- og miljødepartementet for vidare handsaming. Ordførar Lars Tarald Myrum helsar velkomen i Sæbyggjen før miljøverndirektør hjå Statsforvaltaren i Agder, Ingunn Løvdal, får ordet. Ho skal presentere hovudpunkta i utkast til tiltaksplanar.  På Teams skal stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland vere med på det opne møtet i Valle. Ho er klar til å fortelje om vegen vidare for saka i departement og på Stortinget. Med i denne bolken blir også SP sin statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad.

Om konsekvensane

Advokat i Lund & Co, Christi Erichsen Hurlen, tar deretter over og ser på moglege konsekvensar av dei ulike tiltaksplanane, før Valle-ordføraren får ordet att. Han skal orientere om korleis Valle kommune no fylgjer saka vidare, før det blir opna for spørsmål og innspel frå salen.