Vinterferieverkstad på Setesdalsmuseet
Onsdag 18. februar klokka 12-15 inviterer Setesdalsmuseet inn born i skulealder og oppover til vinterferieverkstad i museet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.02.2026 12:07
Sist endra 16.02.2026 12:07

Der kan alle som vil det kome og vere kreative og lage sitt eige design på handlenett. Både nett og måling står klart, alt ein treng å ta med er skaparglede og entusiasme! Handlenettet ein lagar får ein sjølvsagt med seg heim.
Quiz
Det blir også skipa til ein quiz i utstillingane, og museet spanderer vaflar. Det er gratis å vere med på vinterferieverkstaden.