
Dei to hovudproblemstillingane ein skal sjå på er korleis blir koblingar mellom besøksforvaltning og overordna samfunns- og arealplanlegging omtala og problematisert, og kva erfaringar har kommunar med å koble besøksforvaltning inn i samfunns- og arealplanlegginga?
I webinaret treff du:
Knut Bjørn Stokke er førsteamanuensis ved Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. Han har dei siste åra forska og undervist mykje om besøksforvaltning, og har mellom anna ansvar for EVU-kurset Bærekraftig besøksforvaltning og levende lokalsamfunn i samarbeid med Morten Clemetsen.
Morten Clemetsen er professor ved Institutt for landskapsarkitektur ved NMBU. Forskninga og undervisninga hans undervisning byggjer i stor grad på landskap som verdi og ressurs for lokalsamfunnsutvikling og berekraftig verdiskaping.
Kristian Bjørnstad er dagleg leiar i Norske Parker og styreleiar i Europarc Federation si arbeidsgruppe for Natur, Regional- og Landskapsparker. Kristian har vore aktiv i utviklinga av regionalparkar i Noreg, samt i å utvikle det faglege arbeidet på dette området i Norske Parker. Kommunikasjon, naturrettleiing og besøksforvaltning er ein spesielt viktig del av dette arbeidet.
HER er lenke til meir informasjon og påmelding/deltaking.