Innsyn etter offentleglova

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjon på ein enkelt måte.

Les offentleglova her

Kommunen kan nekte deg innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevald organ
  • Dokument til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjersle for saka dokumentet gjeld

Kriterie/vilkår 

Om du krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg omfang saker av ein bestemt art.

Pris for tenesta

Kommunen kan kreve betaling for utskrifter, kopiar og utsending når talet på sider går over 100 i ei sak. Då kan me kreve ei krone pr ark (utover 100 ark) og betaling for porto. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

Rettleiing på tinging av dokument

Valle kommune har postliste på nett. Postlista er ei liste over inngåande og utgåande dokument. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet i tillegg til namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet (brevet). Når du har funne fram til eit dokument du vil bestille, kan du kreve innsyn skriftleg eller munnleg.  Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet. Alternativt kan du sende ei innsynsbegjæring til post@valle.kommune.no eller ringe til Velkomstsenteret på tlf. 37 93 75 00.

Sakshandsamingstid

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som muleg, dvs. vanlegvis same dag, eller innan 1-3 arbeidsdagar. Om du ikkje har motteke svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, kan du rekne det som eit avslag.

Høve til å klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klaga skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir då rekna som eit avslag.

Klaga skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknytning til klagebehandling kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.