Ordførar og varaordførar

Ordførar i Valle kommune er Lars Tarald Myrum. Han representerer Senterpartiet og vart vald til ordførar i kommunen 11.10.2023

Ordførar

Ordføraren er kommunens øverste politiske leiar, og er kommunens rettslege representant. Ordførar og varaordførar vert vald av kommunestyret for fire år om gonga. Valle kommune har ordførar på heiltid.

Ordøraren si viktigaste oppgåve er:

  • Å vere møteleiar for formannskap og kommunestyre
  • Å representere kommunen ved ulike høve
  • Å vere bindeledd og formidlar av synspunkt mellom folkevalde og administrasjon
  • Å vere tilgjengeleg for kommunen sine innbyggjarar og å følgje opp enkeltsaker i samband med det
  • Å vere drivkraft i kommunens tiltaksarbeid

 

Varaordførar

Varaordførar er Margit Dale som også representerer Senterpartiet. 

Varaordførar er stedfortreder for ordføraren og tek over ordføraren sine funksjonar i samband med avvikling av ferie, permisjon, sjukdom eller liknande.