Kva gjer du dersom du vil gifte deg i kommunen?

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar, varaordførar og kommunedirektør er dei som har mynde til å vigsle eit brurepar i Valle kommune. Under finn du rettleiing og informasjon om kva du må gjere dersom du yskjer å gifte deg borgarleg her i kommunen.

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Du søkjer om prøving av ekteskap digitalt, men behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet

Skjema som skal fyllast ut er desse:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.

Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten kan de sende bestilling av vigsel via elektronisk søknadsportan. Den finn du her:

Bestilling av vigsel

Vigsel går føre seg i kommunestyresalen (30+ gjester), eller lite møterom ved kommunestyresalen (max 6 gjester)
Når vi har motteke "bestilling" på vigsel vil sakshandsamar, saman med vigslar (stort sett ordførar), sende ut ei stadfesting på tidspunkt for vigsel til det komande brudeparet.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane. Brudepar og vitner/forlovarar må ha med seg gyldig legitimasjon ved oppmøte den dagen vigsel skal gå føre seg. Kommunen kan også vere hjelpsam med å stille med vitner om det er ynskjeleg.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette etter ynskje. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Retningslinjer for kommunale vigsler i Valle kommune:

  1. Ordførar, varaordførar og kommunedirektør vier ved borgarleg vigsel i Valle kommune.
     
  2. Tilbodet er ope for alle.
     
  3. Avtale om slik vigsel må inngås i god tid, seinast tre veker i forkant. Det er ein føresetnad at brudeparet har innhenta prøvingsattest før avtale vert inngått.
     
  4. Vigsel skjer i utgangspunktet i kommunestyresalen i opningstida. Anna kan avtalast spesielt i kvart enkelt høve.
     
  5. Tilbodet er gratis så lenge vigsel skjer i kommunen sine lokalar i opningstida.
  • Dersom vigsel skal skje i anna lokale der det må betalast leige, må brudeparet sjølv dekke leiga.
  • Dersom brudeparet ynskjer pynt ut over det kommunen tilbyr, må dei ordne og betale dette sjølv.
  • Ved vigsel på laurdag eller utanfor ordinær opningstid, skal det betalast eit gebyr på kr 1000,-.
  • Ved andre ynskje kan kommunen krevje gebyr tilsvarande ekstrakostnader.
  • Ved vigsel for innbyggjarar i andre kommunar skal det betalast kr. 1000,- i dokumentkostnader.

 

 6.   Det administrative ansvaret for vigselsordningen delegerast til kommunedirektøren.

Har de spørsmål i høve dette kan de ta kontakt med sakshandsamar Gunn Marith Homme på telefon 91837000.

For meir informasjon kan de sjå desse lenkene:

Ekteskapslova
Forskrift om registrering og melding om vigsel
Forskrift om kommunale vigsler
Vegen til ekteskap - steg for steg