Kommunalt utdanningsstipend

Stipendet er for tida på kr. 9000,- for fullt skuleår.

Søknadsskjema finn du her: Søknad om kommunalt utdanningssipend og du må bruke bankID for å sende inn søknaden. Dersom du ikkje har BankID, og får søkje sjølv, kan du ta kontakt med Gunn Marith Homme på telefon 91837000.


 

Retningsliner for kommunalt utdanningsstipend i

Valle kommune

 

1

Personar som tek utdanning på heiltid og er folkeregistrert i Valle kommune, kan få tildelt kommunalt utdanningsstipend. Utdanninga må vere godkjent for utdanningsstøtte i Noreg.

2

Utdanning i eitt år, haust og vår, gjev fullt stipend. Eit semester gjev halvt stipend. Storleiken på stipendet er fastsett av- og kan bli endra av kommunestyret i samband med budsjetthandsaming.

3

Kvar søkjar kan få tildelt stipend inntil åtte gonger utan aldersavgrensing

4

Lærlingar har høve til å søkje om stipend for sitt fyrste læreår. Andre lærlingar, deltakarar på tiltak i regi av NAV eller som mottek arbeidsavklåringspengar, får ikkje stipend

5

Søknadsfrist er 1. oktober for fullt år med utdanning eller for haustsemester og   15. februar for vårsemester. Valle kommune kunngjer stipendordninga i god tid før fristane går ut

6

Stipend for fullt år med utdanning eller for haustsemester vert utbetalt på hausten. Stipend for vårsemesteret vert utbetalt på våren.

7

Søknad må skrivast på elektronisk skjema på kommunen si heimeside

8

Berre korrekt utfylte søknader vert handsama

9

Mottakar av stipend som ikkje fullfører utdanninga, må snarast melde frå om det og oppgje kor lenge utdanninga varte. Mottakar må betale attende delar av stipendet, rekna ut frå når utdanninga vart avslutta. Fullføring av ¾ av utdanninga som ein har fått stipend for, fører ikkje til attendebetaling

10

Dersom mottakar av stipend ikkje har gjeve korrekte opplysingar i søknaden, eller ikkje har meldt frå om endringar (jf. Pkt. 9), kan stipendet bli kravd attende. Vedkomande kan bli utelukka frå seinare tildelingar 

 

Vedteke av Valle kommunestyre 20.09.2023, korrigert etter vedtak i kommunestyret 20.12.2023, sak 113/2023 der ein i pkt 3. gjekk frå seks til åtte gonger.