Heimebaserte tenester

 

Sakshandsaming
Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. 

Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. 

Høve til å klage 
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.