Langtidsopphald vert tildelt når alle andre moglegheiter for å gje tenester er vurdert, og kor hjelpebehovet ikkje kan ivaretakast på ein forsvarleg måte i heimen.
Målgruppe
Langtidsopphald er for personar som, på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne, har behov for heildøgns pleie og omsorg av helsepersonell.
Kriterie/vilkår
§1 Vilkår og definisjonar i forskrift om egenanden for kommunale helse- og omsorgstenester.
Pris.
Betaling for langtidsopphald vert rekna ut frå dine inntekts- og utgiftsforhold. Eigendelen skal ikkje overstige dei reelle opphaldsutgiftene.
Egendelen vert rekna slik:
75 % av inntekt inntil folketrygda sitt grunnbeløp, trukke frå eit fribeløp
85 % av inntekter ut over folketrygda sitt grunnbeløp.
Rettleiing
Du kan vende deg til kommunen dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å søkje om tenesta. Dersom ein anna søkjer på vegne av deg må det komme fram i søknaden at det er gjeve fullmakt.
Brosjyrer og dokumenter
Lenke til verdighetsgarantien
Lover og forskrifter
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester