Steg 3: Drøft uroa med leiaren din
- Mål med drøftinga: leiar er ansvarleg og treng å ha naudsynt informasjon. Drøftinga gjev høve til å motta støtte og innspel frå leiar.
- Presenter dokumentasjon frå steg 1 og 2
- Kva har kome fram og korleis vurderer ein barnet sitt behov.
Handtering:
- Dokumenter drøftingssamtale du har hatt med leiar, sjå mal for “Drøfting med leiar (DOCX, 24 kB)”
- Ved uro for barnehage- eller skulemiljøet? Sjå eigen rettleiar/handlingsplan i din kommune.
- Ved uro for høgt skulefråvær/ufrivillig skulefråvær: Sjå eigen rettleiar i din kommune.
Er du ferdig med steg 3, gå vidare til steg 4.
Publisert 23.01.2024 16:15
Sist endra 04.07.2024 13:14