Steg 4: Samtale med foreldre og oppfølgingsplan


Kvifor er det viktig å snakke med foreldre? 

Foreldra er dei som kjenner barnet best og har rett til å vite korleis det går med barnet sitt. Foreldra har ansvar for å følge med på barnet si utvikling. 

Før møtet:

Avklar kva kollega du skal ha med i samtalen. Foreldre kan ha betre relasjon til nokre i personalet enn andre. Legg til rette når det er mogleg.  

Ring foreldra og avtal tidspunkt. Forklar kvifor du kallar inn til møtet. Orienter om kven som deltar frå dykk og spør foreldra om dei ønsker at barnet skal delta i samtalen. Avklar behov for tolk. Om foreldra ikkje bur i lag, skal den/dei med foreldreansvar bli invitert.  

Førebu samtalen med tanke på tema og barnet sitt behov. 

Ved mistanke om vald eller overgrep i heimen: Meld direkte til politi og/eller barnevernet utan å informere foreldre. Dersom det er mistanke om vald eller overgrep, kan ein likevel snakke med foreldre om andre tema, til dømes at barnet ikkje gjer lekser, ikkje har med niste eller har ei utagerande åtferd. Unngå å «samle opp» ting før ein sender bekymringsmelding til barnevernet. 

Gjennomføring av samtale med foreldre:

Ta imot foreldra og ønsk velkommen - hugs vatn og kaffi/te. 

  • Sett tidsramme for møtet. 
  • Involver foreldra raskt: Kva tenkjer dei om det som er sagt? Korleis opplever dei barnet/ungdommen for tida? 
  • Bruk heller kva, korleis og kva for framfor kvifor.  
  • Sensitiv møteleiing: Vis forståing for at ting kan vere vanskeleg – kommuniser empatisk. Hugs at det kan vere fleire forklaringar på at barn eller foreldre har det vanskeleg.  
  • Oppsummer undervegs og kontroller for felles forståing. 
  • Drøft saman kva som er barnet sitt behov. 
  • Finn fram til tiltak i barnehage/skule, heim og fritid (fyll ut mal for Oppfølgingsplan for barn og unge (DOCX, 29 kB)).  
  • Hugs at barnet har rett til å bli høyrd og medverke når ein set inn tiltak.  
  • Avtal evalueringsmøte. 
  • Avslutningsvis - spør foreldra korleis dei synest møtet har vore. 
  • Oppsummer møtet og vegen vidare. 

Handtering;

 

Er du ferdig med steg 4, gå vidare til steg 5.