Steg 8: Bekymringssamtale med foreldre

Før møtet:

  • Målet med møtet er å formidle at ein har vurdert meldeplikta til barnevernet som utløyst. 
  • Førebu telefonsamtalen der du skal kalle inn foreldra til møtet. På dette tidspunktet har ein vanlegvis hatt fleire samtalar med foreldra, og ein må vere open om at ein no kallar inn til møte på bakgrunn av auka uro og plan om å involvere barnevernet. 
  • Avklar kva for ein kollega du skal ha med i samtalen. I mange tilhøve er det naturleg å ha med leiar. Fordel roller; møteleiar og referent. 
  • Førebu samtalen med tanke på tema og mål. Dersom samtalen ikkje skulle gå som planlagt, kan det vere nyttig at ein på førehand har reflektert over ulike handlingsalternativ undervegs. 

Ved mistanke om vald eller overgrep: Meld direkte til politi/barnevern utan å informere foreldre. 

Gjennomføring av bekymringssamtale:

  • Ta imot foreldra og ønsk velkommen - hugs vatn og kaffi/te. 
  • Sett tidsramme for møtet. 
  • Ver tydeleg og konkretiser kvifor du vurderer din meldeplikt som utløyst og at det ikkje er barnet sitt beste å halde fram slik vi gjer no.  
  • Etterspør foreldra sin reaksjon på uroen. 
  • Sensitiv møteleiing: Dette er vanlegvis ein vanskeleg samtale for foreldra, og ein kan forvente sterke emosjonelle uttrykk. Hugs å anerkjenne foreldra si oppleving og situasjon. Ta 5 minutt pause i møtet ved behov. Dersom situasjonen vert oppfatta trugande, har møteleiar ansvar for å avslutte møtet. 
  • Spør om foreldra ønsker å delta i utforminga av bekymringsmeldinga, om dei ønsker å lese gjennom før ho vert send, og/eller om dei ønsker at det vert gjennomført eit møte med barnevernet i overleveringa av bekymringsmeldinga. Foreldra får kopi av meldinga.  
  • Avslutningsvis kan ein spørre foreldra korleis dei opplevde møtet. 
  • Oppsummer møtet, få med eventuelle avtalar og vegen vidare. 
  • Referat frå møtet vert send til føresette.  

Handtering