Steg 9: Melding til barnevernet
Barnevernet har ikkje høve til å seie om det skal bli send bekymringsmelding eller ikkje i kvar enkelt sak. Kvar enkelt fagperson er pliktig til å vurdere eigen meldeplikt. Barnevernstenesta skal vurdere om meldinga vil bli undersøkt. Godt grunngjeve bekymringsmelding frå offentleg meldar vil i all hovudsak bli undersøkt
Barnevernet har ikkje høve til å seie om det skal bli send bekymringsmelding eller ikkje i kvar enkelt sak. Kvar enkelt fagperson er pliktig til å vurdere eigen meldeplikt. Barnevernstenesta skal vurdere om meldinga vil bli undersøkt. Godt grunngjeve bekymringsmelding frå offentleg meldar vil i all hovudsak bli undersøkt
Utforming av bekymringsmelding:
- Per mai 2024 kan ein ikkje sende digital melding til Setesdal barnevern.
- Dersom meldinga skal til ein annen kommune/barnevernsteneste, kan du undersøke om det er mogleg å sende digitalt via lenka under (melde som fagperson/offentleg tilsett).
- I ditt dokumentasjonssystem ligg malen for melding til barnevernet. Fyll ut skjemaet, skriv ut og send i posten til: Setesdal barnevern, Postboks 4, 4746 Valle eller via altinn om ditt dokumentasjonssystem korresponderer.
- Les under om eventuell fysisk overlevering av meldinga i lag med føresette.
Melde som privatperson
Melde som fagperson/offentleg tilsett
Er du barn eller ungdom
Møte med barnevernet:
- Det er mogleg å invitere barnevernet i overleveringa av bekymringsmeldinga. Det kan vere tryggande for foreldre å møte barnevernet andlet til andlet tidleg i meldeforløpet. Barnevernet vil gje informasjon om saksgang og moglege hjelpetiltak. Foreldra må få moglegheit til å avgjere om dei ynskjer eit slikt møte. Foreldra sitt ønske vert dokumentert i eige dokumentasjonssystem.
Handtering:
- Skriv bekymringsmeldinga i mal for steg 9: Mal– Bekymringsmelding til barnevernet (DOCX, 30 kB) Dersom avtalt, i samråd med foreldra.
- Gjennomfør møte med barnevernet om avtalt, dokumenter i mal for steg 9: Mal – Møte med barnevernet (DOCX, 21 kB).
- Kopi av bekymringsmelding til føresette med foreldreansvar. Hugs at om du er uroleg for vald eller overgrep i heimen, skal ikkje foreldra bli informert.
- Du skal alltid få tilbakemelding frå barnevernet om at dei har mottatt meldinga. Om du ikkje får ein slik tilbakemelding; følg opp!
- Oppfølging og tiltak opphøyrer ikkje sjølv om det er sendt bekymringsmelding til barnevernet.
Publisert 23.01.2024 16:37
Sist endra 03.07.2024 15:28