Fritidsbading og badstove

Bassenget ligg ved idrettshallen i Valle kultursenter. Det er ope for familie- og fritidsbading kvar tysdag frå kl. 1600 og utover, og det er då også open badstove. Fritidsbading startar vanlegvis etter haustferien og stenger i midten av mai. Det er stengt i skulen sine feriar med mindre anna er annonsert.

Billettar (enkeltbillett eller årskort) kjøper du ved oppmøte, vipps eller kontant betaling. Familiebading er gratis.

Her finner du gebyrlista 2024

Opningstider, basseng og badstove

Opningstider, basseng og badstove
Bassenget Tid Badstova Tid
Familiebading kl. 16.00-18.30 Familiar kl. 16.00-18.00
Vaksne kl. 18.30-21.00 Menn kl. 18.00-19.30
Damer kl. 19.30-21.00

Barn under 12 år

Det er alltid ei sertifisert badevakt til stades, men reglane er slik at barn under 12 år må vere saman med ein person på minst 16 år, som har ansvar for desse under badinga. Barn og unge over 12 år kan bade åleine, og det er då foreldra sitt ansvar at barnet er symjedyktig.