Bu- og driveplikt

I mange tilfelle vil det vere buplikt på landbrukseigedomen. Denne kan vere lovbestemt eller gjeven som vilkår etter konsejsonslova.

Har du overteke ein landbrukseigendom innan nær slekt eller du er odelsberettiga, kan du nytte deg av eigenfråsegnskjema om konsesjonsfridom - men det er viktig at du då er merksam på at du forpliktar deg til å busetje deg på eigedomen innan eit år og bu der i minst fem år. Dersom du ikkje skal/kan busetje deg på eigedomen innn denne fristen, må du søkje konsesjon. 

Kommunen ønskjer å legge til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogeleg grad blir utnytta som heilårsbustader.

Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt heile eigartida.

Les meir om driveplikt på landbruksdirektoratet

Les meir om buplikt på landbruksdirektoratet

Les meir om odelslova