Besøksstrategi for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane 2019‐2025

Godkjent av Miljødirektoratet.

Besøksstrategi innleiing

Verneområdestyret for SVR vedtok prosjektplanen for arbeidet med besøksstrategi i møtet 16.6.2017. Gjennom hausten 2017 har forvaltningssekretariatet gjennomført synfaringar, møte og henta inn relevant kunnskap i tråd med prosjektplanen. Dokumentet som nå ligg føre er 1. generasjons besøksstrategi for SVR. Det er lagt vekt på at det skal vera eit konkret og målretta forvaltningsverktøy som aktivt kan nyttast i årleg prioritering av tiltak og annan innsats.   Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) består av 17 verneområde med til dels stor ulikskap i verneform, storleik, eigedomsstruktur, flora og fauna mv. Det har vore ei utfordring å famne dette i ein besøksstrategi som tar omsyn til denne ulikskapen. I besøksstrategien er det lagt særleg vekt på å vidareutvikle dei etablerte innfallsportane til verneområde gjennom konkrete informasjons‐ og tilretteleggingstiltak. Verneområdestyret ønskjer å skape attraktive innfallsportar til verneområda som kan bidra til gode opplevingar for dei besøkande og skape eit grunnlag for lokal verdiskaping. Besøksstrategien har og eit sterkt fokus på å ta vare på villreinstamma og andre sårbare naturverdiar i området. Dette vil skje gjennom klare føringar for styring og kanalisering av ferdsel i særleg sårbare områder. Verneområdestyret ønskje såleis å bruke besøksstrategien som eit verkemiddel for å løyse både eksisterande og forventa konfliktar knytt til bruken av verneområda. Mange av tiltaka i besøksstrategien vil bli sett i verk gjennom verdiskapingsprosjektet «Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell» der SVR er prosjekteigar.

Besøksstrategi for SVR 2019-2025.pdf (PDF, 7 MB)