Jakt

Bygdejakta i Njardarheim

Ordninga med bygdejakt i Njardarheim vart innført av styret for Njardarheim Veidemark etter 2. verdskrig. I høve St.meld. nr. 11 (1957) om Statens eigedom Njardarheimen, tok styret utgangspunkt i at avkastninga frå fjellet naturleg høyrde folket i fjellbygdene til. Styret la seg på ei linje der utgifter til administrasjon og vedlikehald i hovudsak skulle dekkast gjennom økonomisk utnytting av sportselementet i jakt og fiske og utleige av sauebeite, medan bygdefolket skulle få tilgang til jakt, fiske og beite til rimelegast mogeleg pris.

Det var delte meiningar om kva ein skulle gjera med Njardarheim Veidemark etter krigen. Det vart, mellom anna, diskutert om eigedomen burde leggast inn under fjellova og nyttast på same måte som statsallmenningar til gagn for innbyggjarane i dei tilgrensande bygdene. I stortingsmeldinga i 1957 orienterte regjeringa Stortinget om at Landbruksdepartementet hadde kome fram til at staten burde bli sitjande som eigar av fjellområdet udelt. Slik ein såg det, var hovudføremålet med eigarskapet

Dagens ordning

Statskog SF tilbyr årleg ca. 30 % av valdet SE-Njardarheim sine fellingsløyve til innbyggjarar i Bykle, Valle, Sirdal og gamle Forsand til ein noko redusert pris. Dette vert gjort for å sjå til at det er ei rimeleg fordeling mellom innanbygds- og utanbygdsbuande jegerar. Ordninga er forankra i Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet si forskrift om jakt, felling, fangst og fiske på statsgrunn utenfor statsallmenning.

Tilbodet gjeld fastbuande i Valle kommune (må vere folkeregistrert i kommunen).  Søknadsfrist brukar å vere i starten av juli og det vil bli annonsert på heimesida når fristen er. 

Prisane pr. dyr er pr. 17.11.2023 slik, men denne kan bli endra.

Dyrekategori

Pris pr. dyr

Fritt dyr

Kr 5600

Kalv

Kr 1400

Simle

Kr 3000

Søknadsskjema for kort i Njardarheim blir digitalt frå neste sumar, og du vil finne det under skjema på framsida.

Du kan lese meir på sida Villreinlag.no

 

Bestandsplan for elg og hjort

Valle og Hylestad Austhei Viltlag og Hylestad Vest Viltlag

Artikkelliste