Informasjon frå Setesdal brannvesen vedr. gebyr for feiing og tilsyn i bygningar med fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming.

I 2016 kom det ny nasjonal forskrift der brannvesen i landet vart pålagt å utføre feiing og tilsyn på alle bygningar med fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming. Med bygningar meiner ein blant anna bustadar, fritidsbustadar, næringsbygg, støylsbuer m.m. For å gjere det enklare vert bygningane omtalt som bustadar og fritidsbustadar.

I 2016 auka antal fyringsanlegg frå 5.000 skorsteinar til 13.000 skorsteinar. Setesdal Brannvesen har gjennomført feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustadar sidan 2019, men er endå ikkje i mål med fyrstegongsfeiing/tilsyn på alle nye fyringsanlegg. Pr. d.d. står det att ca. 3.000 fritidsbustadar som endå ikkje har hatt feiing/tilsyn for fyrste gong – Mange av desse ligg utan tilknyting til køyreveg.

Feiing og tilsyn på fyringsanlegg i fritidsbustadar vert fortløpande utført, der ein har prioritert å starte med hytter som ligg i hyttefelt med kort avstand til nabohytter. F.o.m. 2024 vil fritidsbustadar bli prioritert av brannforebyggjarane for å for å komme ajour med førstegongsbesøk.

Ved tilsyn første gong vert det utført ei risikovurdering som fastset ei hyppigheit (behovsprøving) på feiing/tilsyn utifrå:

  • Bygningstype
  • Røykløpstype
  • Sotmengde
  • Type eldsted
  • Avvik
  • Brannsmitte
  • Sårbare brukarar
  • Avstand til brannstasjon
  • Status

FREKVENS

Det er brannforebyggjarane i brannvesenet som gjer ei risikovurdering og fastset tilsyn/feiefrekvens på dei ulike bygga.

Frekvens på bustadar:

1-3 års intervall på feiing av bustadar med fastbuande

1-6 års intervall på tilsyn av bustadar med fastbuande

Frekvens på fritidsbustadar:

1-6 års intervall på tilsyn og feiing av bygningar utan fastbuande

KOSTNAD

Kostnaden med denne tenesta vert dekt gjennom sjølvkostprinsippet. Eigarkommunane til Setesdal Brannvesen har fakturert eigarar av fritidsbustadar for denne tjenesten sidan 2019. For å ivareta sjølvkostprinsippet er alle eigarar med på å dekke felleskostnaden, uavhengig om tenesta har funne stad. Storleiken på årsgebyret er delt opp slik at dette samsvarar med kostnaden på tenesta ein får i løpet av perioden feiing/tilsyn vert utført. Avgifta vert difor krevd inn som ei årleg avgift. Avgiftsplikta er ikkje knytt opp mot tidspunkt for oppmøte eller fastsatt intervall for feiing eller tilsyn. Avgifta vert krevd inn samen med dei andre kommunale avgiftene for å oppretthalde eit rasjonelt innkrevingssystem.

Fastsetjing av feie/tilsynsgebyr skjer årleg gjennom gebyrregulativet som vert handsama i årsbudsjettet til kommunen.

Ein har erfart at det er fleire abonnentar som er kritiske til å betale ei avgift på ei teneste dei ikkje har mottatt eller vurderer som unødvendig. Det vert vist til dom i Møre og Romsdal Tingrett der ein hytteeigar fekk medhold i at ein ikkje kunne kreve gebyr for feiing og tilsyn så lenge tenesta ikkje var mottatt og denne tilgongen var begrensa i lokale gebyrregulativ.

Ein viser her til utdrag frå samandrag frå sak i Frostating Lagmannsrett i sak (LF -2023 – 104673: 

«Lagmannsretten presiserte at kommunen plikter å feie og føre tilsyn ved behov etter en konkret vurdering av hvert enkelt fyringsanlegg uavhengig av hva som er bestemt i den kommunale forskriften. Videre har kommunen etter loven adgang til å kreve samme årlige gebyr fra eierne selv om kommunen har vurdert at noen fyringsanlegg behøver feiing og/eller tilsyn oftere og/eller sjeldnere enn andre. Kommunen har også adgang etter loven til å kreve gebyr fra en eier de årene kommunen ikke gjennomfører feiing og/eller tilsyn hos vedkommende.

I dette tilfellet hadde imidlertid kommunen gjennom sin egen forskrift begrenset adgangen til å kreve gebyr i disse tilfellene»

AVGIFTSFRITAK

Setesdal brannvesen IKS kan ikkje droppe feiing/tilsyn av fyringsanlegg på enkelte byggverk, jf. Brann- og eksplosjonsvernloven, samt forskrift om brannforebygging. For å sleppe gebyr må ein søkje om avgiftsfritak. For å få avgiftsfritak må eit av fylgjande kriterie vere oppfylt:

  • Plombering av eldstad. Eldstad vert plombert av brannvesen. (Pårekna timekostnad og km for utført teneste)
  • Eldstad vert kopla frå skorstein. Skal dokumenterast i form av bilete               
  • Bygning er ikkje bebueleg. Skal dokumenterast i form av bilde

Når eitt av kriteria over er gjennomført/dokumentert skal søknad med tilhøyrande dokumentasjon sendast til kommunen.

Setesdal brannvesen kjem med uttale og kommunen skriv vedtak. Setesdal brannvesen får kopi av vedtaket slik at grunnlaget vert retta opp i feiemodulen.

Tidspunkt for iverksetting av feiegebyr for fritidsboliger (PDF, 102 kB)

Kommunale gebyrforskrifter for gjennomføring av feiing og tilsyn med fyringsanlegg (PDF, 217 kB)