Bu på hytta

Drømmer du om å bu på hytta? I Valle kommune er dette i mange tilfeller fult mogleg, og vi ynskjer deg hjartleg velkomen! Nokre av våre hytteområder er godt tilrettelagt som buområder, og vi ynskjer å hjelpe deg med god informasjon om kor det er tillate å bu på hytta og kva som skal til. Nedanfor finn du rettleiing.

Kor er det tillate å bu på hytta?

Bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad tillatast innanfor regulerte høgstandardområder. Det vil seie at det er mogleg å søkje om bruksendring i desse områdene. 

Det er ein forutsetning for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad at det er veg som er open heile året og bygge har innlagt vatn, godkjent avlaup og straum. Bygget må tilfredsstille tekniske krav til bustad.

Kva må du gjere?

Dersom hytta di er innafor godkjent område, bør du ta kontakt med bygningsmynde som kan bistå med vurderingar og vere ansvarleg søkjar. Det betyr at eit føretak med ansvarsrett må stå ansvarleg for søknad, prosjektering og eventuelt utføring av endringar/utbetringar som må til for å kunne godkjenne fritidsbustaden som ein heilårsbustad. Dersom eigar kan vise til eigen kompetanse som sannsynleggjer at arbeider vil bli utført i samsvar med plan- og bygningsloven, byggesaksforskriften, byggteknisk forskrift og gjeldande planar for området, er det mogleg å søkje om ansvarsrett som sjølvbyggjar.

Få ansvarleg søkjar til å vurdere om hytta oppfyller krava i byggteknisk forskrift TEK 17), og få avklart kva som eventuelt må utbetrast eller kva som må søkjast unntak for. Ansvarleg søkjar må så sende søknad om bruksendring til kommunen. Er det uklart, kan det vere lurt å gjennomføre ein førehandskonferanse før søknaden vert sendt til kommunen.

For festetomter må bortfester/grunneigar godkjenne at du kan søkje om bruksendring.

Meld flytting

Når du har fått løyve til bruksendring, kan du melde flytting. Det gjer du til Folkeregisteret.

Kostnadar

Gebyrer for bruksendring av bygget om det krevst ombygging/fysisk arbeid. Gebyra framgjeng av kommunen sitt gebyrregulativ.

Her finner du gebyrlista 2024

 

Mellombels busetjingar i fritidsbustader (PDF, 59 kB)