Deling av eigedom

Dersom du ynskjer å dele frå ei tomt, dele frå eit tilleggsareal, opprette anleggseigedom eller opprette festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve til deling. Den nye eigedomen vil få eit nytt gards- og bruksnummer, eventuelt festenummer i grunnboka og matrikkelen.

Slik søker du 

Du søker om frådeling av eigedom ved å fylle ut søknadsskjema "Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett.

Søk om frådeling (PDF, 170 kB)

Dokumentasjon til søknad

Når du skal sende ein søknad om oppretting (deling) av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandle søknaden din.

Dokumentasjon som må vere med søknaden

  • Nabovarsel
  • Situasjonskart
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning
  • Sommar og vinterparkering
  • Vegrett

Annan dokumentasjon som kan vere relevant for søknaden

  • Søknad om dispensasjon
  • Avkøyringsplan
  • Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og naudsynt vedlikehald som går over andre eigedomar
  • Eventuelle erklæringar om at gjenverande eigedom (den opprinnelege eigedomen) gir frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn og avløpsleidningar og eventuelt vedlikehald må og bli lagt ved.