Grensejustering

Kva er grensejustering?

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar utan at arealet vert skilt ut som eigen eigedom.

Vilkår for grensejustering

  • Ein eigedom kan bli auka eller redusert med inntil 5 % av eigedomen sitt areal.
  • Maksimalt areal som kan bli grensejustert er 500 m2, uavhengig av prosentandel.
  • Ingen av eigedomane kan totalt avgje meir enn 20 % av sitt areal før justering.
  • Verdien av arealet som blir justert kan ikkje overstige 1G (folketrygda sitt grunnbeløp).

Korleis søke grensejustering

Du søker om grensejustering ved å fylle ut skjemaet nedanfor: 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning - ikke-søknadspliktige tiltak | Kartverket.no

Saman med rekvisisjonen må det følgje med eit situasjonskart som viser eksisterande og nye grenser.

Send inn søknad

Søknad med vedlegg kan du sende til kommunen på e-post; post@valle.kommune.no eller pr. post:

Valle kommune 

postboks 4

4746 Valle