Klargjering av eksisterande eigedomsgrense
Kva er klarlegging av eksisterande eigedomsgrense?
Om det er uklart kvar ei eksisterande grense mellom eigedomar går, kan grensene klarleggjast ved ei oppmålingsforretning.
Klarlegging av eksisternde grense kan òg rekvirerast for nymerking av eksisterande grensepunkt som tidlegare er fastsett i oppmålingsforretning.
Publisert 05.10.2023 10:03
Sist endra 05.10.2023 10:03
Korleis søke om klarlegging av eksisterande eigedomsgrense
Du søker om klarlegging av grense ved å fylle ut skjemaet; Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning - ikke-søknadspliktige tiltak | Kartverket.no
Saman med rekvisisjonen må det fylgje med eit situasjonskart som viser kva grenseline/grensepunkt som ein ønskjer klarlagt, og annan relevant dokumentasjon.
Send inn søknad
Søknad med vedlegg kan du sende til kommunen på e-post post@valle.kommune.no eller pr. post til:
Valle kommune
postboks 4
4746 Valle