Kva er samanslåing av eigedom?
Om ein eigedom har like eigarar og like heftelsar kan ein utføre samanslåing, men samanslåing kan ikkje bli utført dersom det fører til prioritetskollisjon mellom pantehavar. Det er heimelshavar sitt ansvar å rette opp i dette før utføring av samanslåing. Ta eventuelt kontakt med tinglysinga hjå Kartverket , tlf: 32 11 88 00 om du har spørsmål om prioritetskollisjon og heftelsar.
Publisert 05.10.2023 10:01
Sist endra 29.11.2023 09:34
Vilkår for samanslåing
- Eigedomane må ligge i same kommune.
- Eigedomane må ha same tinglyste heimelshavar (eigar).
- Samanslåing kan ikkje bli utført dersom det vil føre til prioritetskollisjon mellom eigedomane (ulike tinglyste pengeheftelsar). I dei tilfella må ein rydde opp i heftelsane før ein kan utføre samanslåing.
Korleis søke om samanslåing
Du søker om samanslåing av eigedomar ved å fylle ut skjemaet; Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar.
Saman med skjemaet må du legge ved eit situasjonskart som viser kva som skal bli samanslått.
Krav om samanslåing | Kartverket.no
Send inn søknad
Søknad med vedlegg kan du sende til oss på e-post: post@valle.kommune.no eller pr. post til
Valle kommune
postboks 4
4746 Valle