Tilskot til bustadbygging og renovering

Tilskot til bygging av nyt bustadhus vert fastsett til kr 500 000.

Tilskot til renovering vert sett til 10% avgrensa til kr 200 000.

Nybygg


1.    Tilskotet gjeld tiltak som har fått byggjeløyve etter 01.01.2024.
2.    Tilskotet vert utbetalt til privatpersonar som byggjer hus for seg sjølv og sjølv bur i bustaden.
3.    Tilskotet gjeld og for privatpersonar som kjøper eit nytt nøkkelferdig hus som har vore lyst ut for sal.
4.    Det vert ikkje gjeve tilskot til fritidsbustad.
5.    Det vert ikkje gjeve tilskot til oppføring av hybelhus, utleigebygg eller bustader. som vert bygd av det offentlege/organisasjonar.
6.    Tilskot til nybygg vert utbetalt når det føreligg ferdigattest.
7.    Det blir ikkje gjeve tilskot til nybygg etter brann eller anna form for skade som vert dekka av forsikring.
8.    Tilskotet kan berre gjevast ei gong til same person eller same tiltak.
9.    Ved særlege høve kan formannskapet dispensere frå gjeldande regelverk.
10.    I høve der det er tydeleg at ordninga vert misbrukt kan kommunen avslå søknaden.
 

Renovering


1.    Tilskotet gjeld bustader som er kjøpt etter 01.01.2024.
2.    Tilskotet gjeld for privatpersonar som kjøper einebustad med renoveringsbehov.
3.    Søknad om renovering må sendast innan eitt år etter kjøp.
4.    Søknaden må innehalde ei grov skisse over oppussingsbehovet med eit kostnadsestimat.
5.    Tilskotet vert gjeve etterskotsvis etter vedlagte kvitteringar.
6.    Tilskotet er på 10% av oppussingskostnaden, begrensa til eit maks tilskotsbeløp på kr 200 000.
7.    Det gjevast ikkje tilskot til vanleg vedlikehald som td. utvendig maling.
8.    Ved særlege høve kan formannskapet dispensere frå gjeldande regelverk.
9.    I høve der det er tydeleg at ordninga vert misbrukt kan kommunen avslå søknaden.