Fristen for å søkje om kommunalt utdanningsstipend er utvida fram til sundag 10. desember.

I og med at det er blitt nye retningsliner med ny søknadsfrist er fristen utvida fram til sundag 10. desember. Det betyr at dei som fyller vilkåra for dette stipendet ennå kan sende inn søknad.

Norske kroner - Klikk for stort bileteNorske kroner

Det vart i kommunestyret 20.09.2023 vedteke nye retningsliner for kommunalt utdanningsstipend. Endringane er i hovudsak dette:

  • Søknadsfrist 2 gonger om året. 1. Oktober for fullt skuleår, eller haustsemester, 15. februar for vårsemester.
  • Lærlingar kan søkje om stipend det første læreåret
  • Søknad er elektronisk, og det er ikkje krav om å legge med dokumentasjon, men ein gjer merksam på at det vil bli gjennomført stikkprøvekontroll.

Stipendet er for tida på kr. 9000,- for fullt skuleår.

For skuleåret 23/24 vert søknadsfristen sett til sundag 10. desember.

Søknader vil bli handsama og utbetalt fortløpande når dei blir registrert inn i vårt system. Alle søknader skal vere ferdig utbetalt innan 31.12.2023.

Søknadsskjema finn du her: Søknad om kommunalt utdanningssipend og du må bruke bankID for å sende inn søknaden. Dersom du ikkje har BankID, og får søkje sjølv, kan du ta kontakt med Gunn Marith Homme på telefon 91837000.


Retningsliner for kommunalt utdanningsstipend i Valle kommune