Gapskrattande start på kulturveka i Valle!

Totningen Ken André Ottesen, kjend for BadesKen, opna kulturveka i Valle fredag med eit show folk lo seg skakke av i soknehuset på Rysstad. Med skråblikk på både setesdølar men også folk flest landet rundt, alt med utgangspunkt i merkelege og morosame oppslag i lokalavisene, fekk Ottesen strålande respons frå ein fullsett sal.

Ken André Ottesen leverte varene i soknehuset på Rysstad. - Klikk for stort bileteKen André Ottesen leverte varene i soknehuset på Rysstad. Ole Birger Lien

Før showet hadde Bykle hotell tapas i kjellaren i soknehuset. Der kom det så mange at dei siste i døra måtte snu. Oppslutninga skulle vere eit greitt varsel på kva som kom til å hende i storsalen oppe. Det var sett ut stolar til nesten 150 personar, men i innspurten før alt saman skulle ta til, måtte fleire rullast ut. Dei som møtte opp, trega ikkje!

Landet rundt - og svært lokalt

BadesKen har blitt eit omgrep i humor-Noreg dei siste åra. Ken André Ottesen seier sjølv at han les 200 lokalaviser dagleg. Framsyninga tyder på at det er rett. Frå heile landet hadde kan limt inn det eine merkelege oppslaget etter det andre. Med kjappe kommentarar på ei Toten-dialekt som er “skapt” for humor, var det rungande lått i salen frå første minutt.  

– Eg sparkar bare oppover, lova han.

Og det viste seg å stemme.  Ottesen var direkte og “nådelaus”, men aldri vondsinna. Alt frå bygder og bygdefolk til ordførarar og kyrkja “fekk det”, men med glimt i auga så det heldt. Aller mest lo nok folk av det nære. Snodige saker i Setesdølen gjennom åra var kanskje det mest morosame av alt - humoristen hadde funne mange gode døme på journalistiske eller tekniske glipptak. Koronabussen som køyrte gjennom Setesdal, enka til Desmond Tutu som sat i Setesdalsgenser (ho gjorde ikkje det..) og meir eller mindre tvilsame helsingar - Ottesen tykkjest ikkje å ha hatt særleg store problem med å finne lokale nyheiter å le av!

Avslutta med song

Ken André Ottesen leverte varene så til dei grader i soknehuset på Rysstad fredag. Han avslutta med ei song om “mannen som så gjerne ville kome i bladet”. Også her fekk han folk med seg. Kulturveka i Valle fekk ein strålande start, og heldigvis stod oppslutninga i forhold til kvaliteten som vart servert. Denne veka går det slag i slag med eine arrangementet etter det andre. Så er det bare å håpe at folk stiller opp - programmet inneheld noko for dei aller fleste!

HER kan du lese meir om kulturveka i Valle.

Tetpakka i soknehuset på Rysstad til BadesKen. - Klikk for stort bileteTetpakka i soknehuset på Rysstad til BadesKen. Ole Birger Lien