Innhaldsrikt påskemøte i Valle

Det var godt engasjement og mange saker til drøfting då Valle kommune skipa til påskemøte med hyttefolket onsdag før skjærtorsdag.

Torunn Charlotte Nyberg leia programmet under påskemøtet i Valle onsdag før skjærtorsdag. - Klikk for stort bileteTorunn Charlotte Nyberg leia programmet under påskemøtet i Valle onsdag før skjærtorsdag. Ole Birger Lien

I kommunestyresalen baud ordførar Lars Tarald Myrum langt på veg det som er av hytteforeiningar i kommunen velkomen til det årvisse møtet. Hyttefolket kom for å få med seg relevant informasjon frå både kommunen og andre aktørar, og for å få kome med eigne innspel og synspunkt. Det vart to innhaldsrike timar.

– Mykje på gang i Brokke

For Brokke AS kom Knut H. Nomeland for å orientere.

– Det er mykje på gang. Det skal satsast endå meir på fellesaktivitetar, og området kring alpinsenteret skal bli endå meir av eit sentrum i Brokke. Kaféen i anlegget blir utvida før neste sesong. I ein radius på 500 meter frå botnen av bakkane skal det byggjast ut med nye tilbod, og arbeidet med kommunedelplan Brokke blir viktig, sa han.

Teknisk leiar i Valle kommune, Magnus Berg, la til at kommunen er oppteken av berekraftig utvikling, har fokus på arealbruk og takkar for innspel også frå hyttefolket.

– Så vil me gjerne promotere både alle dei fine turløypene me har i kommunen og ikkje minst dagsturhytta Lauvåsloptet, som blir mykje nytta. I Brokke har det kome ein del spørsmål kring avfallshandtering. Der har me nye løysingar på gang, sa Berg.

– Vil kommunen ekspropriere for å få laga nye skiløyper? kom det frå salen.

– Det er ikkje noko me har gjort til no, sa kommunedirektør Vidar H. Homme, som peika på at alt av avtalar som blir jobba fram er tufta på semje mellom kommunen og dei aktuelle grunneigarane.

Fritidstilbod for dei fleste

Kulturleiar Torunn Charlotte Nyberg fortalte om eit innhaldsrikt fritidstilbod for hyttefolk, bygdefolk og andre tilreisande.

– Stadig fleire nyttar biblioteket, og ein kan også få tilgang på idrettshall og basseng i opningstidene. Me har eit honorarfond for folkemusikk. Det er eit tilbod også for tilreisande, som på det viset kan få dekka deler av utgiftene viss ein hyrer inn lokale utøvarar til ulike arrangement. Valle kommune nyttar heimeside, Facebook og appen Civis som nyheitsformidlar, og me satsar stadig meir på kommunikasjon, sa ho.

Beredskapen på plass

Både politiet, Raudekrossen og ikkje minst helseeininga i Bykle og Valle deltok på møtet. Politikontakt Dag Hovden, kommuneoverlege Kjetil Juva og Eva Bäckstrøm frå Raudekrossen presenterte eit solid beredskapsopplegg for høgtida.

– Me er rusta og klare, som kommuneoverlegen sa det.

Bjørgulv T. Berg kom for kyrkja, og slo fast at gudstenester og anna i påska er eit tilbod mange takkar ja til.

– Me ynskjer oss eit nettverk med både bygdefolk, hyttefolk og tilreisande, slo han fast.

Tilbakemeldingar

Kommunedirektør Vidar H. Homme runda møtet av med ei tilbakemelding på ein del spørsmål som hadde kome inn. Det eine handla om parkeringsplass på Kvisletoppen.

– Me skal etablere parkeringsplass på toppen, og har sett av 400.000 kr. Så har me enno ikkje kome til semje med grunneigar, så prosessen held fram. Det har også kome ein klage på reguleringsplanen, men me arbeider for å finne ei god løysing, sa han.

Homme tok også for seg auka trafikk på Kvislevegen.

– Vegen er privat, Kvisle Eigedom eig vegselskapet. Selskapet stadfestar at det er teke høgde for auka trafikk, det er mellom anna planlagt utbetring av vegen med fleire møteplassar. Det har kome inn søknad til kommunen om auka tilskot, men dette er ikkje handsama enno, sa han.

Gode løyper på Bjørnevatn

Homme gjekk også gjennom ei tilbakemelding frå Bjørnevatn løypelag. Laget kyter av løypekvaliteten i området, og eit opplegg med løypekøyring som fungerer godt. Dei har streka under at ein vil tilpasse løypenettet endå betre til villreinen. 

– Både fartsgrense og parkeringsplassar har vore tema i Bjørnevassområdet. Det skal vere møte med Agder fylkeskommune i løpet av april. Der vil også dette bli tema, sa kommunedirektør Vidar H. Homme, før ordførar Lars Tarald Myrum takka for eit godt møte og baud alle ei god påske.

HER (PDF, 451 kB)er kommuneoverlegen sin presentasjon

HER (PDF, 2 MB)er leiar teknisk eining i Valle kommune sin presentasjon

HER (PDF, 3 MB)er Raudekrossen sin presentasjon