No kan alle leige møterom i kommunehuset i Valle

I mange år har folk flest kunna leige seg rom i alt frå soknehuset på Rysstad til andre kommunale bygg for ulike møter og arrangement. No opnar Valle kommune også for at ein kan leige rom i kommunehuset.


 

Konsulent Annbjørg Bjørgum Sagneskar i Valle kommune er klar for tingingar av leige av kommunale rom også i kommunehuset i Valle. Ole Birger Lien

I same løysinga som ein nyttar til å leige rom i kommunale bygg i dag, Bookup, ligg no også rom som kommunestyresal, videokonferanserom og andre lokalar i kommunehuset inne.

Tilsette førsteretten i arbeidstida

– Så må det vere slik at kommunalt tilsette har førsterett på møterom i den ordinære arbeidstida. Det same prinsippet gjeld når det er politiske møter, seier konsulent i Valle kommune, Annbjørg Bjørgum Sagneskar.

Her er lenke til Bookup