Nytt folkemøte i Valle 23. september om tiltaksplan for villrein

Tysdag 23. september skipar Valle kommune til nytt ope folkemøte om tiltaksplan for villrein. Staden er Sæbyggjen, og møtet tar til klokka 18.

Frå folkemøtet om villrein i Valle i februar 2024. No er det klart for nytt folkemøte i Sæbyggjen, tysdag 23. september klokka 18. Temaet er tiltaksplanen for villrein. Ole Birger Lien

Den såkalla tilktaksplanen for villrein er ute på høyring, og før Valle kommune skriv sitt høyringssvar ynskjer ein altså å få bygdefolket i tale. Kommunen har også tidlegare skipa til møte om same temaet, då med fullsett sal og høgt engasjement.

– Sjølv om ikkje alt er endeleg spikra enno så kan me seie at det kjem fleire relevante aktørar for å greie ut om planen og ikkje minst sjå på konsekvensar. Kommunen skal også orientere, og det skal bli god tid til både innlegg, spørsmål og svar frå salen, seier leiar teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.

Har tru på godt oppmøte

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum har tru på solid oppslutning om folkemøtet, slik det var sist gong, i februar 2024.

– Dette er spørsmål som grip beint inn i det indre av Valle kommune, både forvaltningsmessig og ikkje minst blant folk flest. Då er også medverknad, slik dette møtet legg opp til, viktig. No ser eg fram til eit informativt og konstruktivt møte i Sæbyggjen, seier han.

 

LES ARTIKKELEN OM VILLREINMØTET I FEBRUAR 2024!