Retningsliner for byggjetilskot i Valle kommune på plass

Under sist kommunestyremøte i Valle vart retningslinene for tilskot til bustadbyggjing vedtekne.

Kommunestyret vedtok vedtekter for bustadtilskot under møtet i mars. - Klikk for stort bileteKommunestyret vedtok retningsliner for bustadtilskot under møtet i mars. Ole Birger Lien

Kommunestyret har sagt ja til at alle som byggjer ny bustad skal få eit tilskot på 500.000 kr. I tillegg kan dei som har kjøpt bustad med renoveringsbehov få dekka 10% av kostnadene, avgrensa til maksimalt 200.000 kr. 

Frå 1. januar i år

Så gjeld det både for tilskot til ny bustad og tilskot til renovering at dette bare gjeld prosjekt frå 1. januar i år og nyare. Den som vil søke om tilskot, eller har spørsmål om ordninga, kan vende seg til leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg. Han når du via e-post HER

Det er til same e-posten ein sender søknad om tilskot.

HER er retningslinene for tilskotsordninga