Valle kommune sin minibuss klar til utlån att frå fredag 9. mai

Me skreiv nyleg at Valle kommune sin minibuss, som lag og organisasjonar kan låne, er ute av drift. Bussen er no i drift og kan lånast att på vanlege vilkår frå fredag 9. mai.

Minibussen, ein Wolksvagen Caravelle, har plass til åtte passasjerar og sjåfør. Tilgangen til bussen skal vere med på å fremje trivsel og sosial tilhøyrigheit. Så er det ein stor fordel at denne minibussen kan køyrast med vanleg førarkort i klasse B. Det betyr at tilgangen til sjåførar bør vere ein heilt annan enn viss det var krav om utvida sertifikat.  Kommunen skal også nytte minibussen til ulike behov på dagtid.

Samkøyring

Bussen kan nyttast av lag og organisasjonar og til aktivitetar og samkøyring knytt til desse. Den kan og nyttast til samkøyring til skisenteret. I samband med samkøyring skal låntakar så langt som råd, sikre at flest mogleg får tilbod om skyss. I utgangspunktet skal bussen lånast ut for dags-/ettermiddagsturar i samband med aktivitetar, men i spesielle høve kan bussen lånast ut for lengre periodar, til dømes i samband med helgeturar, turneringar og liknande. Reint privat bruk er altså ikkje aktuelt, men til dømes samla privat skyss til idrettsarrangement er innanfor.

Må laste ned app

Den eller dei som vil nytte bussen, må laste ned Solverapp i App Store eller liknande. I appen kan ein stadfeste identiteten sin, og få kode til nøkkelboksen der bilnøklane er ved å finne fram til “Minibuss Valle”.

HER er lenke til regelverket.

HER er lenke til booking.