Valle kommune utvidar stipendordning for lokal ungdom under utdanning - ny søkerunde no

Under budsjettmøtet i kommunestyret i Valle i desember vart det vedteke å auke talet på kor mange år lokal ungdom under utdanning kan få kommunalt stipend. Tidlegare har det vore i totalt seks år - no kan ungdomen få stipend i åtte år! 

Rådgjevar Gunn Marith Homme i Valle kommune er klar til å handsame det som kjem inn av søknader om kommunalt utdanningsstipend. - Klikk for stort bileteRådgjevar Gunn Marith Homme i Valle kommune er klar til å svare på eventuelle spørsmål om kommunalt utdanningsstipend. Ole Birger Lien

Endringa er gjeldande frå no og har inga aldersavgrensing. Dei som deltek på halvårsstudie kan no søke Valle kommune om utdanningsstipend for våren 2024. Også studentar som går fulltid, men som ikkje rakk å søke innan fristen i fjor, kan gjere det no og få halvt stipend. Fullt stipend er 9000 kr i året. Søknadsfristen er sett til 15. februar. 

– Elektronisk søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside frå utlysingsdato og til dagen etter at fristen har gått ut, seier rådgjevar Gunn Marith Homme i Valle kommune.

For skuleåret 24/25 er søknadsfristen sett til 1. oktober.

– Dette blir lyst ut i god tid, lovar Homme.

Ved spørsmål kan ein ringe Gunn Marit Homme på tlf 91837000 eller sende ein epost til henne HER

HER er link til søknadsskjema i Valle kommune. Skjemaet for utdanningsstipend ligg under skule.

HER finn du retningslinene for kommunalt utdanningsstipend.