Veggane reiser seg i nye Valle kultursenter

Arbeidet med veggstøyp og tilbakefylling i veggane til det som blir nye Valle kultursenter er i full gang.

Veggane reiser seg i det som skal bli nye Valle kultursenter. - Klikk for stort bileteVeggane reiser seg i det som skal bli nye Valle kultursenter. Svein Magne Klungland

Tidleg i neste veke blir den siste veggen støypt, og ein set i gang oppfylling med pukk innvendig før golvet skal støypast. Bygget byrjar no altså å ta form! Det skal byggjast om lag 1400 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 200 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 240 personar.

Valle kommune vil ha innspel om bruken

Valle kommune ynskjer no innspel om bruk og drift av det nye kultursenteret. Les meir om det HER