Villreinmøte i kommunehuset i Valle tysdag 23. september

Me har tidlegare skrive at neste opne folkemøte om tiltaksplan for villrein blir skipa til i Sæbyggjen tysdag 23. september klokka 18. No er det klart at møtet blir skipa til i kommunestyresalen i kommunehuset i Valle i staden frå klokka 18-20.

Årsaka til flytting av lokale er enkel - Valle radio ynskjer å overføre møtet direkte, og i kommunestyresalen er alt av teknisk utstyr dei treng alt rigga og på plass. 

Vil ha bygdefolket i tale

Den såkalla tiltaksplanen for villrein er ute på høyring, og før Valle kommune skriv sitt høyringssvar ynskjer ein altså å få bygdefolket i tale. Ikkje minst er dette aktuelt fordi det har kome signal frå sentralt hald om at ein er ute etter innspel og forslag som kan styrke innsatsen for å bevare villreinstamma. Kommunen har også tidlegare skipa til møte om same temaet, då med fullsett sal og høgt engasjement. 

Orientering frå kommunen

Villreinmøtet blir skipa til her i Valle kommunehus, ikkje i Sæbyggjen. Årsaka er at Valle radio skal streame møtet, og i kommunehuset er alt utstyr rigga og klart. Ole Birger Lien

I innleiinga til møtet helsar Valle-ordførar Lars Tarald Myrum velkomen, før han greier ut om kommunens utgangspunkt og ståstad i saka. Frå Statsforvaltaren kjem Gunnar O. Lindaas, og Christi Erichsen Hurlen frå advokatfirmaet Lund&Co er med. I slutten av møtet blir det ein eigen bolk for spørsmål og ikkje minst innspel frå salen. Det blir servert kaffi og noko å bite i under møtet.

Lenka til streaminga av møtet 23. september blir lagt ut på heimesida til Valle radio HER

HER er artikkelen frå sist villreinmøte i februar 2024

HER KAN DU LESE FORSLAG TIL TILTAKSPLANAR FOR VILLREINEN