Skal du utarbeide ein reguleringsplan?

REGULERINGSPLAN 

Reguleringsplanar er eit verktøy for å styre utviklinga til kommunen i ønskt retning og dei gir rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen. Planane skal også sikre at estetiske kvalitetar i bygningar og uteområde blir teke vare på for ettertida.

Ein reguleringsplan omfattar eit detaljert arealplankart med føresegner for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplanen bestemmer kva kvar enkel grunneigar kan bygge, og kva eigedomen kan brukast til.

Mange av detaljreguleringsplanane blir fremja av private forslagsstillarar. Plan og bygg behandler planane og legg dei fram til politisk behandling. Plan og bygg har også ansvar for å utarbeide kommunen sine eigne reguleringsplanar. Undervegs i prosessane har du som innbyggjar høve til å påverke innhaldet i planen. Planane er juridisk bindande når dei er vedteke av kommunestyret.