Byggesøknad for fagfolk

Her finn du oversikt over dei ulike elektroniske søknadsløysingane for innsending av byggesøknader til kommunen.

1. Sjekk planar og bestemmelsar for eigedomen

Før du bygger, riv eller endrar må du sjekke kva for planar og bestemmelsar som gjeld for eigedomen din. Planar og bestemmelsar er avgjerende for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til.

Finn kva for plan som gjeld for eigedomen

2. Samle alt du du må ha med i byggesøknaden

Lag situasjonskart og teikne byggetiltaket med mål inn på dette kartet.

Få nokon til å teikne tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vere med søknaden er fasadeteikningar med mål, planteikningar og snitt-teikningar. Det vert stiltkrav om at teikningane er godt utført. 

3. Varsle aktuelle naboar, gjenbuarar og eventuelt offentlege instansar

Behandling av byggesøknadar går fortare dersom de har henta inn uttalar og varsla aktuelle naboar og offentlege/private instansar før de sendar inn byggesøknaden.

4. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar

  • Via tenesta Fellestjenester BYGG finn du fleire søknadsløysingar som du kan bruke.
  • Via e-post til: post@valle.kommune.no

Send inn elektronisk søknad via Fellestjenester BYGG

Dersom du ikkje har moglegheit til å sende inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på direktoratet for byggekvalitet sine nettsider.