Støttemur
Forstøtingsmurar må ha byggeløyve etter plan- og bygningsloven med mindre den er av ein slik størrelse at den fell inn under tiltak som ikkje krev søknad og løyve.
I saker der du søker om bygging av støttemur mot nabo, kan kommunen kreve nærare opplysningar om materialbruk og estetiske tilhøve. Kommunen kan også kreve at forstøtingsmurar blir utstyrt med rekkverk.
Må du søke?
Du treng ikkje søke om å sette opp ein støttemur dersom den er:
- inntil 1,0 meter i høgde og
- minst 1,0 meter frå nabogrensa
eller
- inntil 1,5 meter i høgde, og
- minst 4,0 meter frå nabogrensa
Krav
- Støttemuren/forstøtingsmuren må ikkje hindre sikt i frisiktsoner mot veg, det vil sei i samband med avkøyrsle frå veg, gardsplass og gang- og sykkelstiar.
- Muren skal heller ikkje vere til skade eller ulempe for naboeigedomane og omgjevnader ved at det til dømes er med å bidra til vannsig, ras eller utgliding.
- I utforminga og plasseringa bør du ta estetiske omsyn slik at muren i tillegg til å vere funksjonell og sikker, også blir ein tiltalande del av eigedomen
Dersom støttemuren ikkje oppfyller ovanfornemnde krav, må du søke kommunen om løyve.
Terrengendringar
Krev søknad
Hovudregelen for terrenginngrep er at dersom inngrepet er vesentleg, må det bli sendt søknad.
Skal du derimot gå i gong med mindre fylling eller planering av terreng, kan denne falle inn under tiltak som ikkje krev søknad og løyve. Kva ein ser på som mindre, vil avhenge av tiltaket sin karakter og innverknad på omgjevnadane.
Krev ikkje søknad
Du treng ikkje søke dersom unntaket gjeld fylling/planering der høgdeforskjellen i høve det opprinnelege ikkje fører til
- meir enn 3 meter avvik i spreiddbygd strøk
- meir enn 1,5 meter avvik i tettbygd strøk
- meir enn 0,5 meter avvik på eigedom for rekke- og kjedehus og liknande i tett busetjing
Her er det viktig å merke seg at avstanden frå fyllingsfoten (altså der inngrepet startar) og til nabogrensa, må vere minst 1,0 meter på eigen grunn, og fyllingstoppane må ikkje vere høgare enn krava som er sette for forstøtingsmurar.