Søkje dispensasjon

Hvis du ønskjer å gjere noko anna på ein eigedom enn det gjeldande arealplan legg opp til, kan du enten søkje om dispensasjon eller søkje om å endre reguleringsplanen.  Ein dispensasjon endrar ikkje ein plan, men gjev deg løyve til å fråvike planen i det konkrete tilfellet søknaden din gjeld.

Det finnast arealplanar for alle eigedomar i kommunen. Det kan vere både kommuneplanens arealdel og lokale reguleringsplanar som gjeld for din eigedom. Planane syner korleis eigedomen din kan nyttast, og er juridisk bindande. Planane som gjeld for din eigedom finn du i arealplaner.no (kommunens kartløysing for arealplanar).

Om du ønskjer å bygge, dele, rive eller endre noko som er i strid med planane, må du søkje om dispensasjon.

Alle arealplanar har vore gjennom ein omfattande politisk prosess, der naboar, interesseorganisasjonar og andre rørte partar har hatt moglegheit til å påverke.

Ein plan skal vere forutsigbar slik at alle veit kva som gjeld i sitt område. Derfor skal kommunen berre unntaksvis gje dispensasjon.